Det kjennes nesten litt sånn ut. Dei to siste dagane har det vore sol og nærare tjue grader. Og vi nyt det! Sit ute med kaffikoppen, ungane hoppar og skrålar på trampolina og vi vinker til naboane som går forbi. Må verkeleg lade opp batteria no, sommaren er desverre på hell og det er månadsvis med regn, sludd, kulde og vind føre oss.
Denne flotte solsikka har berre snike seg opp i blomkarsebedet. Tippar eitt frø låg i posen som A plukka hos bestemor i fjor sommar (ho elskar å plukke frø,
her kan du sjå bilete av årets fangst!). Då eg kom heim frå hytteturen hadde solsikka blomstra. Tidlegare har det berre vore ein stake midt i bedet, eg har trudd det var ugras, men ikkje heilt hatt ork til å gjere noko med det. Og heldigvis! Elles hadde vi jo ikkje hatt denne flotte blomen i hagen, no i siste halvdel av august!
Det er ikkje berre (nokre få) blomar som held stand i hagen. No kjem epla og plommene for fullt (elskar å ha hage med frukttre - det er fantastisk!). A masar kvar dag om å få plukke epla, men dei treng nok henge litt til før dei er heilt mogne.
Då vi flytta inn sa den tidlegare huseigaren at dei ikkje hadde hatt plommer på årevis, så vi kunne nesten vurdere å berre kutte ned treet. Men jammen er det ikkje ganske mange plommer på treet no, første året vi bur her! Dei er deilig søte, nett sånne som mi bestemor hadde i sin hage. Gule, mjuke (vel, ikkje heilt enno) og søøøte plommer. Himmelsk!
Vi har ikkje fått laga til ein ordentleg uteplass enno, men i sommar har vi hatt utemøblane (arva etter dei dei som budde her før oss) under det store epletreet. Her har vi hatt mange deilige dagar, med grillmat og sushi, gode vener og ungar som spring som jojoar mellom huska og trampolina.
Her er det nydeleg å drikke kaffi i ettermiddagssola, eller eit glas med noko kaldt i sånn utpå kveldinga.
I dag fekk eg snike meg til ein liten cappuchino med kokosolje og sjokolade-stevia (det er godt altså, sjølv om det kanskje høyres litt rart ut!) og rakk lese nesten to artiklar i interiørbladet mitt før ungane ville ha merksemd igjen. Nydelege minutt som ein må ta vare på i eit småhektisk småbarnsmamma-tilvere.
God tysdagskveld til deg!