2012 skal bli året der vi får litt meir "koll" på alt, organiserer betre, flyttar rundt på ting og får oppbevaringsløysingar som funkar i vårt vesle hus.
Trinn 1 i denne fasen er å få litt oversikt. Eg synes vekeplanane frå
Ukeplan er veldig fine, men ganske langt over vårt budsjett. Så då googlar vi ;) På kjøleskapet vårt heng no ein vekeplan printa ut frå
mommytracked, masse fine (gratis) printbare vekemenyar, kalender, husarbeidslister etc... Ikkje like fin, og den hadde kanskje gjort seg i glas og ramme, sånn som denne foreksempel, men den kjem til å gjere jobben sin til vi finn ei anna (og kanskje betre) løysing. Det hadde vore fint med ei månadsoversikt også for oss som har éin som jobbar skift og ein som jobbar veldig til og frå.
Og når magnetbokstavane først var ute ville ungane sjølvsagt leike. Søtingane. Toåringen skriv "ord" på måfå (i dag traff han jo nesten faktisk! Tada!) og storesøster på fire vil skrive ordentlege ord. Ho elskar bokstavar, og les enkeltord ganske greit. Bokstaven O fungerer også som briller!
Håper du har ein fin tysdagsettermiddag og kveld. Det er jo feitetysdag i dag, så definitivt lov å skeie ut litt før fastetida byrjer i morgon! Her har vi ete rømmegraut og spekemat, og vafler med blåbærkrem. Eg har inngått
fasteforsett og skal ikkje kjøpe snop i fastetida. Pengane eg hadde brukt på snop er no donert til Kirkens Nødhjelp (via appen dei har laga kan ein donere via telefonen, så enkelt og så BRA!) Kanskje blir du inspirert til å gjere det same?