søndag 16. november 2014

Heimelaga playdoh


Dette trur eg må vere den kulaste aktiviteten vi har gjort her heime, ungane har leika masse med playdoh i det siste. Vi fann ein gammal pakke i kjellaren med herleg (eh) gråbrun playdoh-mos, den har vore flittig i bruk dei siste vekene.

Pinterest er mi favorittnettside/app, her finn ein inspirasjon til tusen! Og eg falt fullstendig for Mama Papa Bubba sin Frost-inspirerte playdoh. (Forøvrig ein kjempefin blogg med masse masse tips til inneleik og aktiviteter).

Untitled

Så, korleis gjer ein det? Eg har eit sett med målebeger i cup-storleik, noko som gjer ting enklare når ein brukar amerikanske oppskrifter. Meiningslaust at dei ikkje kan bruke metrisk system, men sånn er det jo berre. Så oppskrifta her kjem i cups, men desilitermål funkar også greitt (du kan f.eks. bruke 1dl for 1 cup, då får du omlag halvparten av oppskrifta eg laga)

1 cup kveitemjøl
1/4 cup salt (eg hadde berre havsalt, knuste det i morteren, men trur det funkar betre med vanleg salt)
1 ss kremortartari (cream of tartar) - eg har kjøpt på iHerb, får sikkert tak i det på fancy kakedekoreringsbutikkar også
1 ss olje (eg brukte raps)
1 ss glyserol (det får du på apoteket, gull til heimelaga såpebobler også!)
 Litt fargestoff (eg brukte Wilton kakefarge, konditorfarge funkar også, men då blir fargen svakare)
3/4 cup kokande vatn

Miks alle dei tørre ingrediensane i ein bolle, ha i olje, glyserol og fargestoff og til slutt det varme vatnet. Bland kjapt saman. Du treng ikkje blande slik at fargen er heilt jamn, berre rør det raskt saman. Du ser korleis vår såg ut etter kjapp røring på det øvste biletet. Det ser ut som klumpete gøgg. Det skal sjå ut som klumpete gøgg. La det stå i omlag 10 minutt til deigen blir kald nok til at du kan ta i den. Etter eit par minutt knaing vil du få ein heilt silkemjuk playdoh (den er litt mjukare enn vanleg playdoh synes eg). Vi helte på masse glitter medan vi knadde (du treng meir glitter enn du trur!)

Sidan ungane her ville ha ulike fargar hadde vi i vatnet før fargestoffet. Helte i vatn, rørte kjapt saman og delte deigen i to. Hadde i fargestoffet og rørte raskt saman igjen. Viss du brukar desilitermål (1 dl i staden for 1 cup) vil du altså få ein deig på storleik med ein liten appelsin. Då må du bruke 2 ts (te-skei altså!) olje og kremortartari.

Så er det berre å slå seg laus med kjevle, kakeformer, knivar eller andre formingsverktøy. Ungane har holdt på i over ein time no, og ser ikkje ut til å bli ferdige med det første! Win!



Untitled

Untitled

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar